mandag 31. august 2009

Intervju med Henning Tvedten


Kven er denne bassisten i Vegard Flatøy Band?
Er han den skruppelause kynikaren enkelte har meint,
eller kan han best samanliknast, med ein krigsforbrytar.
Døm sjølv:


Hei Henning
....

Kva er ditt favoritt fotballlag?

Trott I.L og Vasco da Gama.

Kva del av kroppen er du mest nøgd med?
Lårene.

Beste minne frå Lillehammer-OL?
Avslutningsseremonien.

Favoritt VFB-låt?
Die at this party, en helhetlig og solid låt.

Er det noko som har prega oppveksten din?
Brødrene Dahl. Også då eg sendte pinnedyret mitt til himmels med ein nyttårsrakett vart toneangivende.

Kva hadde du gjort som fylkesmann for ein dag?
Lagt ned fylkeskommunen.

Eit smil brer seg i det han tenker på alle videregåande-elevane, som då ville stått utan skuleplass.(For ikkje å snakke om forvaltninga av verneverdige jordbruksbygg, som ville dotte heilt i ruiner)

Kva leser du?
På internett. Om folk som jakter på 200 kilos villsvin og slikt.

Kva inspirerer Henning Tvedten?
Sjølve livet. Om ein velger å fokusere på det vakre her i verda, er det ingen sak å stå opp om morgonen.

Om du skulle hatt eit anna yrke enn bassist i Vegard Flatøy Band?
Rivningsmedarbeider.

Takk Henning

fredag 28. august 2009

?

Eg skjønte det var eit dumt spørsmål
med ein gong orda var ute av munnen min.
Eg fekk heller ikkje noko svar,
ho berre titta på meg med nedlatande auge.
Katten ville ikkje være med å sparke fotball.