mandag 22. september 2008

Om å gå rundt grøten


Har du nokon gong gått rundt grøten?
Vandra kvilelaust rundt eit fat med rykande fersk risengrynsgraut,
utan heilt å ta steget, plukke opp skeia, og la laurdagen byrje for alvor?
tja.....
Men har du gått rundt Groethen?
For dette folkekjære utrykket, har ingenting med nølande holdning til inntak av middagsmat å gjere.
Det stammar frå den tida, då Europa var meir ustabilt enn ein full sjømann på rullebrett.
Den Bayeriske hæren hadde nemleg bestemd seg for, å innvadera den vesle byen Groethen.
Lite viste dei at Groethingane hadde vore framåtsjåande, og bygd ein svær mur rundt byen sin.
Den Bayeriske hæren vart overumpla, av det høgreiste byggverket. Og i staden for å angripe, gjekk dei rundt Groethen i fleire dagar. Heilt til dei vart utslitt og blei eit lett bytte for den mykje mindre, Groethiske hæren.

Altså, ikkje gå rundt Groethen.

1 kommentar:

Haraya138 sa...

Nice! Groethingane var søren meg imba! Men kan du ikkje fortelja litt om Groethingane si opprinnelse? Kvar kom dei frå? og kva for ein periode var storheitstida deira`?